I greinverket
Denne nye boka til nestoren i svensk lyrikk blir utgitt omlag samstundes i Noreg og Sverige. Boka har den same klare, gåtefulle kvaliteten som før, men stemninga er lettare. Poeten går i sitt nittiande år, han debuterte for over seksti år sidan og har skrive nesten tretti bøker, og stemma hans er blitt lysare i tonen. Er det snakk om ei større forståing, om forsoning? Er det snakk om tilgjeving, eit større mot eller håp? Lesaren må sjølv grunne over svaret og la seg løfta av dikt som står i ein tradisjon der fornuft og magi er sidestilte. Dikta er sterkt forbundne med naturen. Her talar ein istapp, her vert vinden brått omskapt til ein stor veng. Sindre Ekrheim kåra denne boka til ei av dei tre beste gjendiktingane i 2019
- Forlag: Nordsjøforlaget
- Utgivelsesår: 2019
- Kategori: Poesi
- Oversetter: Jostein Sæbøe
- Lagerstatus:
Mange igjen
- Antall sider: 46
- ISBN: 9788292899328
- Innbinding: Heftet