No Mar

319,-

Handlinga i denne romanen skjer i ei tid der privatisering er i ferd med å endre store delar av den offentlege sfære. Eit resultat av dette er at dei ulike kommunikasjonsnivå i samfunnet går i oppløysing, einskildindividet får færre stader for deltaking, og glir meir og meir inn i rolla som tilskodar. Frå å ha ei statleg styring som er avgjerande for dei premiss økonomien skal fungere etter, har ein no ein stat som fungerer som ei administrativ eining for ein global maktstruktur. Dette systemet tek ansvaret bort frå nasjonen og mindre einingar innanfor, som fylke og kommune og til sist borgar, som i ein slik kontekst ikkje lenger kjenner ansvar for å føre ein felles agenda.

Mot eit slikt bakteppe gjennomfører kunstnaren Olav Lande ein arrangert bortgang som inkluderer både dødsfall og gravleggjing. Ved å få visse rettigheiter til arva let sonen, Ola Lande, seg involvere og gå god for denne falske akta. Men dette er berre byrjinga. Romanen tek for seg den dagen Olav Lande vender attende frå sitt fiktive dødsrike. Tidspunktet passar også med sonen si togreise til Oslo, der han kjem for å lansere siste verk av farens skrifter. Ein rad av møte kompliserer handlinga, det som skulle vere ei reise mot ei tryggare framtid, ser ut til å ende i undergang og død.

”en paradoksal og tvetydig tekst, som viser at det fremdeles er mulig å yte motstand i skjønnlitterær form”
GRO JØRSTAD NILSEN, BERGENS TIDENDE

No Mar, hans siste roman, er forfattet i en tørr, upersonlig stil. Den glassklare prosaen imiterer gjennomreguleringen av samfunnet; ingen ord eller delsetninger løper løpsk, språket holdes i tømme … artigere enn det meste som blir skrevet her til lands”
THERESE TUNGEN, KLASSEKAMPEN

”En lek med konstruksjoner … spennende ... Det tenkes mye og godt om kunst og litteratur, språk og identitet her … Haugland leker med språket, er fornøyelig satirisk, bryter konvensjoner og skaper komikk. Han doserer og filosoferer over kommunikasjon og samfunn, meningen med livet og kunsten. Han synes også å prøve ut ulike estetiske ideer. Dette gjør boka både morsom og interessant å lese … Det er refleksjonsnivået og dristigheten som er denne romanens styrke”
MAYA TROBERG DJUVE, DAGBLADET

”Haugland skriv lett og fortel medrivande, med uventa svingar og krokar i teksten, og med full kontroll over varierte forteljemåtar”
HANS H. SKEI, AFTENPOSTEN

No Mar utfordrer våre forventninger til romankunsten … Jeg setter stor pris på det meste som beveger seg bort fra den rasjonelle, trauste realismen, og Haugland er et friskt vestlandspust i det norske litterære landskapet … Allikevel utfordrer Haugland absolutt vårt syn på hva en ferdig roman skal være på en interessant måte … dette er også deilig utfordrende lesning, og romanens refleksjoner om språk, særlig nynorsk, finner jeg riktig originale og eggende”
INGER MARIE KJØLSTADMYR, NATIONEN

”Underfundig litteratur. Ytringskonglomerat med tristesse i botn ... Haugland let stadig hovudpersonen sin hamna i ulike meiningsutvekslingar, her er tett mellom innspel til politikk, samfunnsutvikling og kulturliv … Men han avslører òg korleis det omstendelege kan bli ei form ein grip til for å skapa seg ein ståstad som skal verka interessant for omverda. Dette er eit av dei punkta der Haugland sin humor skin fint igjennom … Haugland seier mykje gjennom og mellom linjene sine før det, og det er vel verd å få med seg”
SOFIE BRAUT, STAVANGER AFTENBLAD

 

Nøkkelord: Prosa Roman

    Tormod Haugland: No Mar
  • Forlag: Oktober Forlag
  • Utgivelsesår: 2006
  • Kategori: Prosa
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 160
  • ISBN: 9788249504435
  • Innbinding: Innbundet