Sjøen om vinteren

Pappa har reist, sa mora.

Reist, sa Eli. Kva meiner du?

Han har reist, sa mora. Han har køyrd av garde.

Kva, sa Eli. Ho kom ikkje på noko anna å seie.

Han var reist då eg vakna, sa mora. Han har sett att campingvogna, men bilen er vekk.

Eli tenkte at mora skjemta med henne, det høyrdest nesten slik ut, som at det heile berre var ein spøk, at faren snart ville dukke opp, og at foreldra hadde vore saman om det heile. Men det var ulikt mora å gjere slikt, og ho verka ikkje til å ha noko glede av det.

Sjøen om vinteren handlar om tolv år gamle Eli, som gradvis erfarer ei djupare forståing av tilværet. I løpet av nokre månader, frå sommar til sein haust, spelast relasjonen mellom Eli og dei som omgjev henne ut, og i særleg grad forholdet til faren. Sjøen om vinteren er ein roman om den ungdommelege erkjenninga av kor skøyre grensene i livet er, mellom det som er og det som kanskje ikkje lenger kan vere.

 

“Også i denne romanen er språket det avgjørende kjennetegnet på Nesbøs plass i verden som forfatter: Den tette sammenvevingen mellom mennesket og naturen, pakket inn i den hyperpoetiske prosaen, vender tankene mot Fosse og Vesaas. Nesbø legger sin faglige stolthet i det særdeles oppmerksomme språket. Leseren inviteres inn for å fylle hullene i den ytre handlingen. Svært lite av det som antydes mellom hovedpersonene forklares av forfatteren. Det meste må vi dikte videre på selv.”

— Eskil Skjeldal, Vårt land

“Nesbø har igjen vist at han er god på små flater, og Sjøen om vinteren toler å bli nemnt saman med både Tarjei Vesaas og Torborg Nedreaas’ boringar i barnesinnet.”

— Oddmund Hagen, Dag og Tid

“Med denne tredje romanen sin er Sivert N. Nesbø (1982, debut 2013) i ferd med å byggja ein forfattarskap med ein gjenkjenneleg tone og temakrins. Han er ikkje ein skrivar for dei store faktene og dei utmåla hendingane, men siktar frå første side på stillfarande og omsorgsfullt vis mot å synleggjera ei innebygd uro og uvisse i personane - og ei dulmande uhygge for lesaren, som han så utviklar undervegs. (Terningkast fem)”

— Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

“Med et avmålt nynorsk språk i et tidvis kaldt landskap, kan en få assosiasjoner til en fortellertradisjon etter Tarjei Vesaas. Det danner grunnlag for en fornøyelig, men vemodig leseropplevelse. Anbefalt høstlektyre, med andre ord.”

— Jo Marvik, Universitas

“En vond, sår og fin roman som jeg anbefaler på det aller sterkeste!”

— Beathe Solberg, beathesbibliotek.no

“En tolvårings tankesett, følelseskaos og mentale verktøykasse er det essensielle i fortellingen, ikke de ytre rammer. Jeg håper derfor boken vil leve lenge og stadig få nye lesere. Det fortjener den.”

— Eli R. Gjengstø, ellikkensbokhylle.blogspot.com

“Sjøen om vinteren er en sånn roman som gjør noe med deg. Den får deg til å forstå noe om relasjonen mellom mennesker, og hvordan tilsynelatende små, uskyldige eller enkeltstående hendelser kan sette spor og lage arr i et annet menneske.”

— Tine Sundal, tinesundal.blogspot.com