Varme og vatn

379,-

Varme og vatn er eit konsentrert erkjenningsarbeid rundt stilla og saknet som kan finnast i eit ungt menneske.

I romanen følgjer vi fjorten år gamle Lars nokre veker på seinsommaren. Han er spørjande og vár for omgjevnadane, og freistar heile tida å forstå kva det er som rører seg rundt han, og tilpasse sine eigne dragnadar til familien og andre. Sentralt i boka står Lars sine erkjenningar av korleis det verande kjem til syne og korleis ein skal forhalde seg til alt det som finst rundt ein.

Varme og vatn er ein roman med ein særeigen skrifttone og stemning, der store djupner ligg under overflata.