Ratatosk 1-2/2007

RATATOSK DOKUMENTERER Æ Å TRONDHEIM LITTERATURFESTIVAL

140 SIDER DOKUMENTASJON: Sigitas Parulskis | Sigbjørn Skåden | Solveig Lønmo | Siv Gøril Brandtzæg | Bodil Børset | Benedikte Skarvik | Bernhard Ellefsen | Heidrun Bubik | Herta Müller | Harald Nortun | Henrika Ringbom | Rune Hjemås | Risto Oikarinen | MonoMono | Peter Mickwitz | Ida Börjel | Tale Næss | Gunnar Wærness | Gunstein Bakke | Guri Sørumgård Botheim | Kjersti Rognes Solbu | Vilde Heggem | Anna Kleiva |Annicken Stuler | Jenny Tunedal & Niclas Nilsson

Nyaste nummer av Ratatosk dokumenterer Æ Å Trondheim litteraturfestival som vart arrangert i mai 2007. Tema for festivalen var omsetjing - i vid forstand. Festivalen fokuserte både på tekstar som er omsett frå eit språk til eit anna og på tekstar som er omsett til andre kunstuttrykk (musikk, installasjonar, dans m.m.).

Ratatosk vidarefører tema og møte som vi synest at fortener ei mindre flyktig form enn festivalforma. Nummeret inneheld stemningsrapportar, foto og postkort frå arrangementa, forfattarpresentasjonar, refleksjonar rundt opplesingsforma og omsetjingstematikken, i tillegg til nye tekstar av forfattarar som deltok på festivalen. Både Æ Å og Ratatosk legg vekt på lyrikk som sjanger.

I vår anklaga Bendik Wold norske poetar for å vera innovervendte og sjølvsentrerte; poetane kan takke seg sjølve for at så få les poesi. Stemmer det? Ratatosks leiarartikkel inkluderer eit nidkvad til Wold.

Nøkkelord: Tidsskrifter

    Guri Sørumgård Botheim (red.): Ratatosk 1-2/2007
  • Forlag:
  • Utgivelsesår: 2007
  • Tidsskrift: Ratatosk
  • Kategori: Tidsskrifter
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN:
  • Innbinding: Heftet