¡Muxe! Du treng ikkje å vere kvinne for å vere dame

Denne boka handlar om genussystemet i Istmo de Tehuantepec. Dette systemet er ein variant av dei fleirgenussystema som fanst over heile Amerika før den europeiske erobringa. Årsakene til at det har overlevd der, ligg i dei økonomiske og politiske djupstrukturane og ikkje minst i habitusen og den sterke sosiale posisjonen til kvinnene.

Kjønn, genus og seksualitet er eit dynamisk felt i moderne samfunn, og systemet endrar seg raskt også i istmoen. Den tradisjonelle seksualkulturen blir utfordra på brei front av nye grupper med homoseksuelle menn av den globale typen, av endringar i kvinnerolla, og av mogelegheita for kjønnsstadfestande kirurgi.

Men istmoen har framleis ei gruppe transgenusmenn med ei trygg forankring i ei genusblanda rolle som sosiale kvinner utan at dei blir til kvinner. Såleis er området eit fascinerande døme på eit samfunn med heilt andre strategiar enn vårt for å romme menn som vil stige ut av maskuliniteten.

Stephen J. Walton er professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Universitetet i Søraust-Noreg i Bø