Filosofisk supplement 1/2011

Kva er klassisk og korleis skil det seg frå det forgjengelege eller det moderne? Klassisk filosofi er tenking som finn stad i dei klassiske epokane, og etymologisk handlar dette om noko som er av utsøkt kvalitet, noko som kjem frå ei form for gullalder der verkeleg framifrå kunst, musikk og filosofi blir skapt. Kanskje er det sant at det er med den klassiske filosofien at dei sentrale ideala, jakta på det sanne, det gode og det skjønne, blir teke på alvor. Etter førsokratikaranes fokus på naturen vart interessa retta mot kva vi no forstår som dei klassiske, filosofiske spørsmåla: Kva er menneske, kva er det gode liv? For ikkje å snakke om kva som er kunnskap og kva som er moralsk. Har vi klart å halde det generisk filosofiske i hevd? Eller har vi forlate filosofiens start og mål? Har tida etter den klassiske, svært produktive perioden vore prega av degenerert tanke og forfall? Sjølv om vi kan sjå opp til den klassiske filosofien og finne «det beste som er sagt og tenkt», kan det klassiske berre vere det frå vårt samtidige perspektiv. For å forstå det klassiske må vi innom måten det klassiske blir produsert historisk, og det er berre gjennom dét vi kan gripe korleis vi skil oss frå det, korleis vi ikkje er klassiske. Med dei antikke kjem sjølve filosofien på plass, og det er med dét vi får reiskapane til å kle av den reine retorikken. Vi får ein vitskap om Ideane, og vi må stille spørsmål om dyd og kunst, om det eine og inkje. Vi tar ikkje mål av oss å kunne svare på desse spørsmåla, men vi veit likevel at den einaste måten å handsame dei på ein meiningsfull måte er nett å få innsikt i kva den klassiske filosofien er, kva retningar, vendingar og retrettar som pregar dette feltet som stadig har ei høg stjerne over heile den vestlege filosofien, frå språk og logikk, til estetikk og etikk, til metafysikk og filosofisk metodologi. Det er her filosofien har sitt opphav og det er her det heile byrjar. For å kunne kjenne oss sjølv og genealogien vår må vi karre til oss kloke innblikk i vår eiga historia. Det er dette vi har tenkt då vi har sette tematikken for denne utgåva av Filosofisk supplement til å vere nett «Klassisk filosofi». I dette nummeret er vi stolte over å presentere tre gode artiklar som alle er knytt opp til tematikken «Klassisk filosofi». Vi kan lese Elin Munkeruds «Fra kontroll over emosjoner til kontroll over handling» som tar for seg stoisismens ønske om å frigjere oss dei flyktige og ustabile kjenslene som vi er slavar under. Munkerud argumenterer for at forsøk på å organisere ein mildare stoisisme feilar, eit skyts retta mot Nancy Shermann. Hos Ørjan Steiro finn vi ei drøfting av Heideggers analyse av Platon-dialogen Sofisten, denne tunge dialogen der spørsmålet om inkje blir sette på dagsorden – eit filosofisk bidrag som seinare har blitt viktig for det heideggerske prosjektet. Dette finn vi i «Platons gehør». Emil Bernhardt vender seg derimot mot estetikken og mot historia for å avdekke dissonansen som Nietzsche avdekker i Tragediens Fødsel. Korleis kan den greske tragedien og den konteksten han dukkar opp i opne opp eit nytt perspektiv på kunsten, historia og dissonans? Vi har òg eit spennande intervju med instituttleiar Vigdis Songe-Møller, «I lys av Pandora», som trekk linjer mellom tema som kjønn, fødsel, død og seksualitet, og situerer det i det utstrekte arbeidet ho har gjort på Platon. Tor Ivar Østmoe gjev oss i dette nummeret ei omsetting av Ciceros tale For poeten Aulus Licinius Archias, og Gunnar Berges bok Midt i. Fransk filosofi i dag blir sette under lupen av Jonas Indregard. Vi vil også halde fram med «Masterkritikk» som vi gjorde for fyrste gong i førre nummer for å trekke fram og arbeide med viktige studentarbeid ved Universitetet. Denne gongen er det Gorm Rødder, med sin masteroppgave om virtualisme, som blir analysert av Reier Helle. I tillegg til alt dette vil lesaren finne snadder i form av «Fra den Leksikryptiske Encyklopedi», eit forsøk på å dra Maurice Merleau-Pontys ontologi ut av gløymsla og eit blikk i studentlivet i Wien. Vi vil òg rette merksemda til lesarane mot utlysinga av ein essaykonkurranse, og oppmodar alle om å ta pennen fatt!