Filosofisk supplement 4/2010
Ein filosofisk diskusjon om vald kan, og bør, vere mangfaldig, og den lyt bryte ut av den meir tradisjonelle måten å snakke om det på som reduserer det til noko uønska og vondt. Filosofiens styrke her er nett at han kan freiste å forstå kva funksjon valden har. På denne måten har valden fått ein særleg plass hos mellom anna Hobbes sin brutale naturtilstand som skal skremme oss inn i det siviliserte samfunnet, eller i rettferdig krig-teori sitt forsøk på å etablere dei føresetnadene som må vere på plass for at valden kan vere legitim.
I dette nummeret av Filosofisk supplement har vi fleire godbitar sentrert rundt dei kontinentale refleksjonane rundt valden. I Hannah Monsruds artikkel «Tilværelsens uutholdelige letthet» freistar ho å lese og forstå Nietzsches diskusjon om moral og overmennesket gjennom den russiske nihilismen og Dostoevskijs Raskolnikov i Forbrytelse og straff. Meir om Nietzsche finn vi i Ørjan Steiro sitt bidrag til nummeret, der valden får ein meir direkte handsaming i artikkelen «Vold og natur». Her blir Moralens genealogi sette under lupa og drøfta under valdens teikn slik at spørsmålet stillast: Kan vi verkeleg halde på ein ikkje-valdsstrategi som går på tvers av instinkta våre?
Valden kan ta heilt andre, og mykje mindre eksplisitte former. Dette kjem til uttrykk, ikkje som eit aggressivt utfall, men som sjølve eksistensen. Det er dette Martin Østtveit legg vekt på i «I den Andres vold», der Sartre og Hegel får søkjelyset på seg, og der valdens gjennomsyring av vår måte å vere med andre på blir artikulert.
Bajasen Slavoj Žižek har vi treft på i Filosofisk supplement før. Denne gongen er det hans refleksjonar over valden som blir slept laus gjennom pennen til Espen Stabell i teksten «Språk, vold, kapital». Her får vi formidla forholdet mellom subjektiv og objektiv vold med hegelianske reiskapar.
Filosofisk supplement kan i dette nummeret vise til mykje anna interessant. Dei to filosofiske superstjernene Axel Honneth og Chantal Mouffe har stilt opp til intervju for små, skarve filosofistudentar, og resultatet kan du lese i andre halvdel av bladet. I tillegg har Tore Linné Eriksen delt av kunnskapen sin og trekt Frantz Fanon fram frå gøymsla og inn på Universitetet i Oslo. Lesarar som enno ikkje har fått nok, kan kose seg med utdrag frå Den Leksikryptiske Encyklopedi og Roger Bakkes utdrag og omsetting av Theogonien.
- Forlag: Universitetet i Oslo
- Utgivelsesår: 2010
- Tidsskrift: Filosofisk supplement
- Kategori: Tidsskrifter
- Lagerstatus:
Få igjen
- Antall sider: 76
- ISBN: 9770809822103
- Innbinding: Heftet